To nye positive prøver

Helse Førde melder om to nye positive prøver etter at 118 prøver vart analysert måndag.

Helse Førde har analysert 900 prøver i løpet av dei siste åtte dagane og fem av desse har vore positive.   Foto: tormod flatebø

Nyhende

Helse Førde analyserte måndag 118 prøver og to av desse er positive. Dette kjem fram i Helse Førde sine oppdaterte tal tysdag. Dei to positive prøvene er tatt i Sunnfjord. Helse Førde gjer ein merksam på at kommunen for prøvetaking er ikkje alltid den kommune som pasienten bur eller har folkeregistrert adresse i.

Dette er første dag sidan torsdag 30. september at Helse Førde melder om positive prøver.

Fem positive

I løpet av dei siste åtte dagane, mellom måndag 27. september og måndag 4. oktober, har Helse Førde meldt om fem positive prøver etter at 900 prøver.

I tillegg til to positive prøver måndag, var også ei prøve positiv tysdag 28. september og to prøver positive torsdag 30. september.

Fem av dagane har Helse Førde meldt om berre negative prøver.

Måndag 27. september: 0 nye av 131 analyserte prøver

Tysdag 28. september: 1 ny av 180 analyserte prøver

Onsdag 29. september: 0 nye av 155 analyserte prøver

Torsdag 30. september: 2 nye av 130 analyserte prøver

Fredag 1. oktober: 0 nye av 93 analyserte prøver

Laurdag 2. oktober: 0 nye av 69 analyserte prøver

Søndag 3. oktober: 0 nye av 24 analyserte prøver

Måndag 4. oktober: 2 nye av 118 analyserte prøver

Kommunane i Helse Førde sitt område vel sjølv kvar dei sender koronaprøvene som er tatt, og difor kan prøvene bli analyserte i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Desse er ikkje med i tala til Helse Førde, og dette er ikkje ei komplett liste over alle prøvesvara frå området til Helse Førde.

Ingen koronapasientar

Helse Førde sine tal viser at det er ingen innlagde pasientar med stadfesta covid-19 smitte på sjukehusa i Helse Førde.