Tre dagar på rad utan positive prøver

Helse Førde melder om berre negative prøver i helga, og ein må no tilbake til torsdag 28. september for å finne ei positiv prøve.

I løpet av dei åtte siste dagane har Helse Førde meldt om fire positive prøver.   Foto: Arkivfoto

Nyhende

Måndag viser tala til Helse Førde at det er ingen nye positive prøver i løpet av dei tre siste dagane. Fredag vart 93 prøver analysert og alle var negative, laurdag analyserte Helse Førde 69 prøver og alle var negative og søndag vart 24 prøver analysert også desse var negative. Ein må no tilbake til torsdag 30. september for å finne ei positiv prøve. Då meldte Helse Førde om to nye positive prøver, som var tatt i Kinn.

I løpet av dei åtte siste dagane, mellom søndag 26. september og søndag 3. oktober, har Helse Førde analysert 828 prøver. Av desse prøvene har fire vore positive.

Søndag 26. september: 1 ny av 46 analyserte prøver

Måndag 27. september: 0 nye av 131 analyserte prøver

Tysdag 28. september: 1 ny av 180 analyserte prøver

Onsdag 29. september: 0 nye av 155 analyserte prøver

Torsdag 30. september: 2 nye av 130 analyserte prøver

Fredag 1. oktober: 0 nye av 93 analyserte prøver

Laurdag 2. oktober: 0 nye av 69 analyserte prøver

Søndag 3. oktober: 0 nye av 24 analyserte prøver

Kommunane i Helse Førde sitt område vel sjølv kvar dei sender koronaprøvene som er tatt, og difor kan prøvene bli analyserte i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Desse er ikkje med i tala til Helse Førde, og dette er ikkje ei komplett liste over alle prøvesvara frå området til Helse Førde.

Ifølgje Helse Førde sine tal er det ingen innlagde pasientar med stadfesta covid-19 smitte på sjukehusa i Helse Førde.

Det er ingen av rundt 3000 tilsette i Helse Førde som er heimeverande i karantene eller sjukmelde på grunn av korona. Totalt ti tilsette i Helse Førde har hatt stadfesta covid-19.