Ingrid er med i storsatsinga til Viaplay

Ingrid Tykhelle Kayser er med i den nye storsatsinga til Viaplay «Furia», som hadde premiere i slutten av september.

SKODESPELAR: Ingrid Tykhelle Kayser har vore med i fleire TV-seriar dei siste åra, som mellom anna «Lovleg» (2018–2019) og «Blodtur» (2020). No er ho aktuell i storsatsinga «Furia».   Foto: privat

Nyhende

«Furia» er Viaplay si store haustsatsing i år, og hadde premiere søndag 26. september. Ifølgje Nordic entertainment group oppnådde «Furia» dei beste premieretala for ein norsk serie på Viaplay nokon gong. Serien slo også den populære norske serien «Pørni», som hadde den gamle rekorden sidan mai 2021.