Framleis besøksreglar ved sjukehusa

Sjukehusa i Helse Førde held framleis på besøksreglar, trass i at det er ein normal kvardag på sjukehuset.

Det er framleis besøksreglar ved sjukehusa i Helse Førde.  Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

Pasientar skal framleis avklarast med tanke på smitte. Det er framleis viktig å avgrense risikoen for smitte inne i sjukehusa, både for å beskytte sårbare pasientar og eigne medarbeidarar, opplyser Helse Førde i ei pressemelding.