To nye positive prøver

Helse Førde melder om to nye positive prøver etter at 130 prøver vart analysert torsdag. Så langt denne veka har tre prøver vore positive.

I løpet av dei siste åtte dagane har ti prøver vore positive etter at 1117 prøver har vore analysert.  

Nyhende

Helse Førde analyserte torsdag 30. september 130 prøver, og av desse var to positive. Dette kjem fram i Helse Førde sine oppdaterte tal fredag. Dei to positive prøvene er tatt i Kinn. Helse Førde gjer ein merksam på at kommunen for prøvetaking er ikkje alltid den kommunen som pasienten bur eller har folkeregistrert adresse i.

Så langt denne veka har tre prøver vore positive. I tillegg til dei to positive prøvene tatt i Kinn torsdag, var ei prøve positiv tysdag. Denne vart tatt i Sunnfjord.

Ti positive

I løpet av dei åtte siste dagane, mellom torsdag 23. september og torsdag 30. september, har Helse Førde analysert 1117 prøver. Av desse analyserte prøvene har ti vore positive.

Dagane med flest positive prøver i denne perioden er torsdag 23. september, fredag 24. september, laurdag 25. september og torsdag 30. september med to positive prøver. Måndag 27. september og onsdag 29. september er dagar utan positiv prøve.

Torsdag 23. september: 2 nye av 158 analyserte prøver

Fredag 24. september: 2 nye av 221 analyserte prøver

Laurdag 25. september: 2 nye av 96 analyserte prøver

Søndag 26. september: 1 ny av 46 analyserte prøver

Måndag 27. september: 0 nye av 131 analyserte prøver

Tysdag 28. september: 1 ny av 180 analyserte prøver

Onsdag 29. september: 0 nye av 155 analyserte prøver

Torsdag 30. september: 2 nye av 130 analyserte prøver

Kommunane i Helse Førde sitt område vel sjølv kvar dei sender koronaprøvene som er tatt, og difor kan prøvene bli analyserte i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Desse er ikkje med i tala til Helse Førde, og dette er ikkje ei komplett liste over alle prøvesvara frå området til Helse Førde.

Ingen koronapasientar

Ifølgje Helse Førde sine oppdaterte tal er det ingen innlagde pasientar med stadfesta covid-19 smitte på sjukehusa i Helse Førde.

Det er ingen tilsette i Helse Førde som er heimeverande i karantene eller sjukmelde på grunn av korona. Totalt ti tilsette av rundt 3000 i Helse Førde har hatt stadfesta covid-19.