Rundt 60 anløp neste år

Dei to siste cruisesesongane har vore svært amputert på grunn av koronapandemien. I 2022 er det derimot planlagt rundt 60 cruiseanløp til Nordfjordeid.

NESTE SESONG: I 2022 kjem det på nytt cruiseskip til Nordfjordeid. AIDAperla som var på Nordfjordeid i 2019 er blant dei som kjem att, i tillegg til fleire cruiseskip som aldri har vore i bygda tidlegare.   Foto: olin maria yri

Nyhende

I mai 2019 kom AIDAperla som første cruiseskip til Nordfjordeid. I september 2019 tok det same skipet turen til bygda og avslutta med det cruisesesongen 2019. Dette er også det siste cruiseskipet som har vore på plass på Nordfjordeid.