Sjå lesarane sine flotte bilde av nordlyset

DANSAR PÅ HIMMELEN: #nordljos #auroraborealis   Foto: tryggve_dyrvikhotmail.com_

Nyhende

Send inn dine bilde til olin.yri@fjordabladet.no og redaksjon@fjordabladet.no, eller bruk #fjordabladet på Instagram. Merk gjerne bilde med fotograf og bildetekst. Tusen takk til alle som sender inn.

MAGISK: Er det noko som kan kallast magisk, so er det nordlyset.   Foto: karoline_hildenes

DANSAR: Nordlyset dansar over Furehornet ein nydelig septemberkveld.   Foto: havfruenfure

GRØNT PÅ HIMMELEN: Selje by night 17.09.2021.   Foto: c.nymark

LYS: Vikinggravene i sentrum av Nordfjordeid er perfekt framgrunn for nordljoset. Vikingane kalla det for norđurljós på gammalnorsk. Fyrste gong nemnt i Kongsspeigelen frå 1200-talet. Kan henda brukte dei ordet vigrođi om raudleg nordljos-himmel. På Island måtte gravide aldri sjå mot ljoset, då ville barnet verta skjeløygd. Indianarane i Nord-Amerika trudde fenomenet var dansande gudar på himmelen. Samefolket kalla det guovssahas, - lyset som kan høyrast. På Grønland alugsukat, som handlar om fødslar i løyndom. Sir Edmund Halley såg ein gong på 1700-talet at toppen av ljosbogane peika mot den magnetiske nordpolen, og ikkje den geografiske. Som vist på fotoet er den mest typiske formasjonen ljosbogar som strekkjer seg frå aust til vest. Kristian Birkeland la grunnlaget for den rette forklaringa med sitt terrella-eksperiment kring 1900. Birkeland døydde einsam og ung på eit hotellrom i Japan, men fekk seinare æra av å vera på den nyleg utgåtte 200-setelen. I 1959 med det russiske romfartøyet Luna vart det endeleg bevisleg registrert solvindpartiklar som Birkeland var på sporet av. Ljoset kjem stort sett frå "eksiterte oksygenatom". Grøn stråling på låge høgder, og raud høgare oppe. Mekanismen i nordljoset er svært lik slik neonrøyr, ljosrøyr og eldre tv-apparat, fungerer. Og ja, det er sjølvsagt nordljos på andre planetar med atmosfære og magnetisme. Sterke fenomen er registrert både på Jupiter og Saturn. Kjelde: Historien om nordlyset, Pål Brekke.   Foto: tryggve_dyrvikhotmail.com_

OVER HUSET: #Måneskinn og #nordlys   Foto: views_of_enjoyment

FARGAR: Nydelig nordlys.   Foto: karoline_hildenes

PÅ HIMMELEN: #nordljos #auroraborealis #astronomi   Foto: tryggve_dyrvikhotmail.com_