Må kvalitetssikre interne varsel-rutinar

Varsla om at rektor mobba

Avdelingsleiaren varsla om at rektor mobba, men fylkeskommunen trudde først ikkje på han. I ein rapport frå varslingsutvalet i Vestland fylke blir det no ifølgje NRK Vestland slått fast at rektoren ved skulen stod bak «systematisk mobbing og trakassering» av tilsette.

ILLUSTRASJONSFOTO: Ingebjørg Nilsen Stokkenes 

Nyhende

NRK Vestland fortel om ei sak der ein avdelingsleiar på ein vidaregåande skule i Sogn og Fjordane sende varsel til skuleeigar Vestland fylkeskommune om at rektor stod bak systematisk mobbing og trakassering ved skulen der han jobba.