Matematikar Sophus Lie får sitt eige rom og blir ein raud tråd

Sophus Lie blir maskot på vitensenter

Når det nye vitensenteret ViteMeir opnar på Kaupanger i Sogn, blir matematikar Sophus Lie frå Nordfjordeid ein sentral figur i bygget.

Sophus Lie vil vandre rundt som maskot på vitensenteret som opnar om halvanna månad i Sogn. Figuren er designa og teikna av Per Henning Olsen ved Kreativ Kommunikasjon på Kaupanger. Dette er det første publiserte utkastet, etter kvart skal han få litt meir klede på seg.  Foto: Kreativ Kommunikasjon

Nyhende

Det er 11. november at det første vitensenteret i Sogn og Fjordane opnar. Det blir på Kaupanger i Sogn, og det første mellom Bergen og Ålesund.