Meiningar

Om Via Ferrata Hornelen

  Foto: Fjordabladet

Nyhende


Underteikna er positiv til ei satsing på Via Ferrata Hornelen.

Eg har i lengre tid sett at det har vore innlegg i media angåande denne utbygginga. Angåande denne utbygginga har ordføraren i Bremanger kommune uttalt seg om at dette prosjektet uansett må pressast fram, sjølv om Hornelen skulle bli nasjonalpark. Dette fekk meg til å sjå nærmare på strukturen i prosjektet. Eg har fått tak i masse dokument i saka, og etter å ha sett meg inn i desse er eg blitt svært overraska over korleis prosessen angåande dette prosjektet har bytta karakter til der ein står i dag.

Eg stiller spørsmål om det er politiske valg eller administrative valg som er lagt til grunn.

Frå starten av var Bremanger kommune prosjektleiar og prosjektdriver. Kommunen stod også for spelemidlar og investeringsmidlar i prosjektet. Det såg ut til å vere ein ryddig og grei prosess. Men etter kvart som prosjektet har tatt form, har kommunen trekt seg meir og meir ut av dette, og det synest eg er underleg. No er det private aktørar, som tidleg i prosessen har vore i styringsgrupper, som har kome inn og tatt over styringa når det gjeld parkering og servicebygg i området. Eg synest det er merkeleg at private aktørar med lettheit kan kome inn og overta eit prosjekt som er fullfinansiert av spelemidlar av kommunen. Eg gjekk til grunnboka i det kommunale systemet og ser at parkeringstomta er kjøpt for ca. 390.000 kroner, det vil sei ein kvadratmeterpris på ca 129 kroner. Eg lurer då på kvifor kommunen ikkje hadde midlar til å kunne fullføre dette når desse summane ikkje er større, sålenge kommunen allereie har vore inne i prosjektet med millionar. Det kjem fram av dokumenta at ein ikkje ser seg råd til å kjøpe parkeringsplassen som ville forvalta utgiftene.

Kvifor har kommunen råd til å bruke millionar på ei turløype, medan parkering og servicebygg ikkje er viktig? Det er også gitt 500.000 kroner frå fylket. Dei pengane kunne ein vel brukt til å kjøpe parkeringa?

Eg synest det er på sin plass å få denne utbygginga litt fram i media no når ordføraren og andre som er involverte her har fått så dårleg tid ser det ut som.

Eg vil presisere at det frå no av ikkje kan vere akseptert på noko vis at Bremanger kommune skal gå inn med meir pengar i denne satsinga som gjeld Via Ferrata. No får dei private aktørane som har styringa på dette også fullføre prosjektet for eigne midlar. Her er mange andre satsingsområde i kommunen som treng midlar frå kommunen.

Eg håper at folk engasjerer seg litt og følger med på kva som skjer framover her, og eg ynskjer Via Ferrata lykke til.