Loen Skylift tapte logosak i lagmannsretten

(NPK-NTB): Voss Gondol vann fram i ankesaka mot Loen Skylift. Bergen tingrett meinte at logoane til selskapa er for like, men lagmannsretten kom til ein annan konklusjon.

Loen Skylift er ein gondolbane i Loen i Nordfjord. Den går omtrent frå sjønivå ved fjorden til fjellet Hoven 1.011 meter over havet.  Foto: Erik Johansen /NTB /NPK

Nyhende

Loen Skylift saksøkte Voss Gondol i 2019 fordi dei meinte at logoen til konkurrenten var for lik.