Vil ha ned ventetida på spelemidlar

I Vestland var ventetida for å få spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet i år om lag 3,5 år. No ber fylkesutvalet Kulturdepartementet gjere noko for å endre dette.

IDRETTSANLEGG: Spelemidlane er del av overskotet til Norsk Tipping og går til anlegg for idrett og fysisk aktivitet over heile landet. Bildet er frå Sotra Arena på Straume.   Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune

Nyhende

Vestland var saman med Nordland fylket med lengst ventetid for å få spelemidlar. Seks andre fylke har også ventetid på over tre år. Det er store variasjonar blant fylka, og i Oslo var det i praksis ikkje noko ventetid i år.