Valresultatet i Vestland godkjent

Fylkesvalstyret har godkjent resultatet av stortingsvalet i dei to valdistrikta i Vestland: Sogn og Fjordane og Hordaland. Totalt 20 representantar skal representere Vestland i det nye Stortinget.

NYE PÅ STORTINGET: Tre representantar på Vestland fylkesting skal bli stortingsrepresentantar. Det er Alfred Bjørlo (f.v.), Torbjørn Vereide og Linda Merkesdal.   Foto: Martin Håndlykken/Vestland fylkeskommune

Nyhende

Det godkjente valresultatet i Vestland inneber inga endringar i den alt kjende mandatfordelinga til det nye Stortinget, heiter det i ei pressemelding frå Vestland fylkeskommune.