Rotevatn og Storehaug har betalt minst 400.000 for lite i skatt

(NPK-NTB): Venstres Sveinung Rotevatn og KrFs Tore Storehaug har til saman betalt minst 400.000 kroner for lite i skatt på stortingsleilegheitene, skriv Aftenposten.

Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn har ifølgje Aftenposten ha betalt for lite i skatt på grunn av pendlarbustaden han har fått tildelt.  Foto: Berit Roald/ NTB /NPK

Nyhende

Både Rotevatn og Storhaug har ifølgje Aftenposten fått pendlarbustad frå Stortinget fordi dei har vore folkeregistrerte hos foreldra sine ein annan stad i landet. Ingen av dei har betalt husleige eller andre utgifter til foreldra.