Ei ny positiv prøve

For tredje dagen på rad meldte Helse Førde om ei ny positiv prøve.

Dei siste åtte dagane har Helse Førde analysert 1728 prøver og 27 av prøvene har vore positive.   Foto: Arkivfoto

Nyhende

Tysdag analyserte Helse Førde 409 prøver og ei av prøvene var positiv. Dette viser dei oppdaterte tala til Helse Førde onsdag.

Den eine positive prøva er tatt i Kinn. Helse Førde gjer ein merksam på at kommunen for prøvetaking er ikkje alltid den kommunen som pasienten bur eller har folkeregistrert adresse.

Dette er den andre positive prøva denne veka. Måndag analyserte Helse Førde 162 prøver og ei var positiv. Den vart tatt i Sunnfjord.

27 positive

I løpet av dei åtte siste dagane, mellom tysdag 14. september og tysdag 21. september, har Helse Førde analysert 1728 prøver. Av desse har 27 prøver vore positive.

Dagen med flest positive prøver i denne perioden er fredag 17. september med seks positive prøver. Både søndag 19. september, måndag 20. september og tysdag 21. september har det berre vore ei positiv prøve.

Tysdag 14. september: 5 nye av 230 analyserte prøver

Onsdag 15. september: 5 nye av 366 analyserte prøver

Torsdag 16. september: 4 nye av 202 analyserte prøver

Fredag 17. september: 6 nye av 128 analyserte prøver

Laurdag 18. september: 4 nye av 115 analyserte prøver

Søndag 19. september: 1 ny av 116 analyserte prøver

Måndag 20. september: 1 ny av 162 analyserte prøver

Tysdag 21. september: 1 ny av 409 analyserte prøver

Kommunane i Helse Førde sitt område vel sjølv kvar dei skal sende koronaprøver som er tatt, og difor kan prøvene bli analyserte i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Prøver som ikkje er analysert i Helse Førde er ikkje med i tala til Helse Førde, så dette er ikkje ei komplett liste over prøvesvar frå området til Helse Førde.

Ingen koronapasientar

Ifølgje Helse Førde sine oppdaterte tal er det ingen innlagde pasientar med stadfesta covid-19 smitte på sjukehusa i Helse Førde.

Onsdag er fem av rundt 3000 tilsette i Helse Førde heimeverande i karantene eller sjukmelde på grunn av korona.

Totalt ti tilsette i Helse Førde har hatt stadfesta covid-19 smitte sidan våren 2020.