Opplagstal for 1. halvår 2021

Solid vekst for Fjordabladet

Fjordabladet er ein av to aviser i Sogn og Fjordane som har opplagsvekst. Resten av avisene går tilbake.

OPPLAGSVINNAR: Ansvarleg redaktør/dagleg leiar Ingebjørg Nilsen Stokkenes i Fjordabladet gleder seg stort over at lokalavisa er opplagsvinnar i Nordfjord, og ein av dei to avisene i Sogn og Fjordane som får fleire abonnentar.  Foto: Olin Maria Yri

Lokale nyhende er viktigare enn nokon gong før.

Nyhende

I Nordfjord er det berre Fjordabladet som kan vise til større opplag. Opplagsveksten var på 50 (1,66 prosent).

Dei andre avisene har derimot ein tilbakegong: Fjordenes Tidende -96 (-2,12 prosent), Fjordingen -61 (-1,59 prosent) og Firda Tidend -13 (-0,45 prosent).

Av avisene i resten av Sogn og Fjordane er det berre Sogn Avis som er opplagsvinnar med ein auke på 166 (+ 1,8 prosent).

Resten går tilbake: Firdaposten -133 (-2,58 prosent), Firda -251 (-2,10 prosent) og Ytre Sogn Avis -33 (-2,69 prosent).


Avis

Netto totalt 1. halvår 2021

Netto totalt 2. halvår 2020

Endring i opplag

Sogn Avis

9298

9132

166

Firda

11705

11956

-251

Firdaposten

5026

5159

-133

Fjordabladet

3066

3016

50

Firda Tidend

2893

2906

-13

Fjordingen

3786

3847

-61

Fjordenes Tidende

4423

4519

-96

Ytre Sogn Avis

1194

1227

-33

Stor glede

– Det er ei stor glede at vi nok ein gong har gode opplagstal for Fjordabladet. Lokale nyhende er viktigare enn nokon gong før, og ei vanskeleg koronatid viser at folk søkjer etter informasjon. Lokalavisa er viktig for folk og er ei viktig informasjonskjelde, seier ansvarleg redaktør/dagleg leiar Ingebjørg Nilsen Stokkenes.

Ho takkar dei tilsette for ein formidabel jobb som vert lagt ned for å gi lesarane ei avis både på nett og i postkassa.

I 2016 hadde Fjordabladet eit opplag på 2.436 aviser.

– Sidan då har vi auka opplaget med heile 630 aviser, og det har vi all grunn til å vere fornøgde med, seier Nilsen Stokkenes.

Av avisene på Sunnmøre er det Sunnmørsposten som hadde den største veksten med ein auke på 71 abonnentar (0,27 prosent). Vikebladet Vestposten auka med 32 (0,75 prosent), Synste Møre med 14 (0,70 prosent).

LLA-avisene

Også Landslaget for lokalaviser (LLA) viser til at lokalavisene er viktige for folk.

– Lokalavisene er ei svært viktig informasjonskjelde for innbyggjarane også når koronapandemien går mot slutten. Opplagstala går opp og folk les lokalavisa si både på nett og papir, viser LLA til.

Avisene tilknytt Landslaget for lokalaviser (LLA) aukar samla med 0,53 prosent. Over 60 prosent av LLA-avisenes opplag er komplett-abonnement. På den måten får lesarane tilgang til journalistikken og annonsane både på nett og papir. Nesten 30 prosent av abonnentane er heildigitale.

LLA-avisenes samla opplag er no 358.139. Det er LLAs generalsekretær Tomas Bruvik godt nøgd med:

– Gjennom pandemien trur og håper eg at folk har sett kor viktig det er å ha ei lokalavis i kommunen sin. Avisene våre formidlar nyttig og livsviktig informasjon og dei knyter folk saman. Lokalavisene er også ein nyttig mediekanal for bedrifter, organisasjonar og kommunar. Særleg har mange kommunar brukt lokalavisa det siste året for å få ut samfunnskritisk informasjon i eit truverdig miljø, seier Tomas Bruvik. Han gratulerer opplagsvinnarane – som blant anna er til inspirasjon for endå meir digital satsing blant lokalavisene.