Ei ny positiv prøve

Helse Førde melder om ei positiv prøve etter at 162 prøver vart analysert måndag.

I løpet av dei åtte siste dagane har Helse Førde meldt om 27 positive prøver.   Foto: tormod flatebø

Nyhende

Helse Førde analyserte måndag 162 prøver og ei av desse er positiv. Dette viser Helse Førde sine oppdaterte tal tysdag. Den positive prøva er tatt i Sunnfjord. Helse Førde gjer ein merksam på at kommunen for prøvetaking er ikkje alltid kommunen som pasienten bur eller har folkeregistrert adresse.

Ser ein åtte dagar tilbake i tid, mellom måndag 13. september og måndag 20. september, har Helse Førde analysert 1499 prøver. Av desse analyserte prøvene har 27 vore positive.

Dagen med flest positive prøver i løpet av desse dagane er fredag 17. september med seks positive. Tre av dagane har Helse Førde meldt om ei positiv prøve: måndag 13. september, søndag 19. september og måndag 20. september.

Måndag 13. september: 1 ny av 180 analyserte prøver

Tysdag 14. september: 5 nye av 230 analyserte prøver

Onsdag 15. september: 5 nye av 366 analyserte prøver

Torsdag 16. september: 4 nye av 202 analyserte prøver

Fredag 17. september: 6 nye av 128 analyserte prøver

Laurdag 18. september: 4 nye av 115 analyserte prøver

Søndag 19. september: 1 ny av 116 analyserte prøver

Måndag 20. september: 1 ny av 162 analyserte prøver

Kommunane i Helse Førde sitt område vel sjølv kvar dei skal sende koronaprøver som er tatt, og difor kan prøvene bli analyserte i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Prøver som ikkje er analysert i Helse Førde er ikkje med i tala til Helse Førde, så dette er ikkje ei komplett liste over prøvesvar frå området til Helse Førde.

Ingen koronapasientar

Ifølgje Helse Førde sine oppdaterte tal er det ingen innlagde pasientar med stadfesta covid-19 smitte på sjukehusa i Helse Førde.

Tysdag er to av rundt 3000 tilsette i Helse Førde heimeverande i karantene eller sjukmelde på grunn av korona. Totalt ti tilsette i Helse Førde har hatt stadfesta koronasmitte.