Naturvernforbundet er kritisk til masseplassering

–Overdimensjonert

– Moloen er klart overdimensjonert i forhold til eitkvart noverande og framtidig behov. Det meiner Naturvernforbundet om å byggje Noregs lengste molo på 1,2km på Leikanger på Stadlandet.

KRITISK: Naturvernforbundet i Eid v/ leiar Thorleif Jakobsen (biletet) har saman med Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane v/ leiar Anne-Line Thingnes Førsund kome med ei rekkje merknader til sjøarealplanen for Stad. Arkivfoto: Anna Wuttudal 

Nyhende

Naturvernforbundet ser positivt på at det vert laga ein eigen sjøarealplan for Stad kommune og legg til grunn at den vil utelukka dispensasjon for ytterlegare tiltak i sjø og på strandflater i planperioden.