Vi jobbar meir kveld, natt og helg enn før

(NPK-NTB):Fleire nordmenn jobbar ukomfortable arbeidstider no enn for seks år sidan, viser ei ny undersøking.

Tilsette innan pleie og omsorg er blant dei som jobbar mykje ukomfortable arbeidstider.   Foto: Ill.foto: Tore Meek/NTB /NPK

Nyhende

I 2015 jobba 52 prosent av norske arbeidstakarar kveld. Den delen har no stige til 58 prosent i 2021, viser arbeidslivsbarometeret frå Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund (YS), ifølgje FriFagbevegelse.