Ei ny positiv prøve

Helse Førde melder om ei ny positiv prøve etter at 116 prøver vart analysert søndag.

I løpet av dei siste åtte dagane har Helse Førde analysert 1455 prøver og 27 av desse har vore positive.  

Nyhende

Søndag analyserte Helse Førde 116 prøver og ei av desse prøvene var positive. Dette viser Helse Førde sine oppdaterte tal måndag. Den positive prøva er tatt i Kinn.

Dette betyr at det i helga vart meldt om fem positive prøver. Laurdag analyserte Helse Førde 115 prøver og kunne då melde om fire nye positive prøver. Dei fire positive prøvene vart tatt i Lærdal og i Kinn.

Også fredag var det positive prøver. Då analyserte Helse Førde 128 prøver og seks av dei var positive.

27 positive

I løpet av dei siste åtte dagane, mellom søndag 12. september og søndag 19. september, analyserte Helse Førde 1455 prøver. Av desse har 27 av prøvene vore positive. Dagen med flest positive prøver i denne perioden er fredag 17. september med seks positive. Søndag 12., måndag 13. og søndag 19. september er dagane med færrast positive prøver med ei positiv prøve.

Søndag 12. september: 1 ny av 118 analyserte prøver

Måndag 13. september: 1 ny av 180 analyserte prøver

Tysdag 14. september: 5 nye av 230 analyserte prøver

Onsdag 15. september: 5 nye av 366 analyserte prøver

Torsdag 16. september: 4 nye av 202 analyserte prøver

Fredag 17. september: 6 nye av 128 analyserte prøver

Laurdag 18. september: 4 nye av 115 analyserte prøver

Søndag 19. september: 1 ny av 116 analyserte prøver

Kommunane i Helse Førde sitt område vel sjølv kvar dei skal sende koronaprøver som er tatt, og difor kan prøvene bli analyserte i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Prøver som ikkje er analysert i Helse Førde er ikkje med i tala til Helse Førde, så dette er ikkje ei komplett liste over prøvesvar frå området til Helse Førde.

Ingen koronapasientar

Det er ingen innlagde pasientar med stadfesta covid-19 smitte på sjukehusa i Helse Førde.

Måndag var to av rundt 3000 tilsette i Helse Førde heimeverande i karantene eller sjukmelde på grunn av korona.

Talet på tilsette i Helse Førde som har hatt stadfesta covid-19 smitte er framleis ti.