– Litt rart å be Kystverket om å vere med å rassikre ein fylkesveg

Kommunestyret i Stad fekk på sitt siste møte lagt fram ei «løypemelding» om arbeidet med fleirbrukskai og næringsområde i Moldefjorden ved Lesto.

RART: – Å be Kystverket om å bidra til å rassikre ein fylkeskommunal veg blir litt rart for meg, Gunn Sande (Sp), då kommunestyret handsama løypemeldinga fleirbrukskai og næringsområde i Lestovikja. Her i gruppemøte i Sp-gruppa.   Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

Bakgrunnen er at kommunestyret i juni i år vedtok oppstart av ein forstudie knytt til etablering av næringsområde og fleirbrukskai på Lesto i Moldefjorden. På kommunestyremøtet torsdag opplyste assisterande kommunedirektør Kristine Dahl at arbeidet med forprosjektet har starta opp, og at det er i samsvar med kommunestyret sitt vedtak i juni. Arbeidet med forstudien er enno ikkje avslutta, men det vert lagt fram ein undervegs rapport som gjer det mogleg å gjere politiske vegval for det vidare arbeidet.