– Johannes sa også «No er vel verdscupen neste»

Johan-Olav Smørdal Botn gjekk inn til sølv under fellesstarten i NM i rulleskiskyting. Han slo både Johannes Dale og Johannes Thingnes Bø som vart nummer tre og fire.

PÅ PALLEN: Johan-Olav Smørdal Botn gjekk inn til sølvmedalje under NM i rulleskiskyting. – Eg fekk litt sjokk på premieutdelinga for plutseleg skjønte eg kven eg hadde slått. Det å stå på pallen og sjå ned på Johannes Thingnes Bø på fjerdeplass og Tarjei Bø på tiandeplass, det var uvant, fortel han.   Foto: privat

Nyhende

Denne helga har NM i rulleskiskyting gått av stabelen på Lillehammer, og fleire av skiskyttarane på landslaget har stått på startstreken. Det har også lokale skiskyttarar gjort. Laurdag var det klart for sprint. og i seniorklassa gjekk Johan-Olav Smørdal Botn (Stårheim IL/Team Mesterbakeren) inn til ein 20.-plass, to plassar bak Tarjei Bø (Markane IL).