– Det er litt kult å kombinere vikingskip og popmusikk

Aleks Grey hadde sin første konsert på heimebane på mange år. – Eg var faktisk svært nervøs, seier musikaren.

KONSERT: Aleks Grey, som har nytta det siste året til å lage ny musikk, hadde laurdag sin første konsert i Sagastad på Nordfjordeid.   Foto: olin maria yri

Nyhende

Laurdag ettermiddag hadde Aleksander Raftevold, som går under artistnamnet Aleks Grey, konsert framfor heimepublikummet i Sagastad på Nordfjordeid. Musikaren som er busett i Oslo, fortel til Fjordabladet at han var nervøs før sin første konsert på Nordfjordeid på mange år.