Eid med målkalas i oppgjeret mot Dale

Marius Åsebø debuterte med straffemål

Eid scora eitt mål før pause i ein heller puslete omgang. . Etter pause losna det, og heimelaget gav seg ikkje før dei hadde sett ytterlegare seks ballar bak Gard Høgseth Felde, i Dale-målet.

Debutant: Marius Åsebø fekk debuten sitt på Eid sitt A-lag og Kretsligaen i kampen mot Dale. Han takka for tilliten med å score på straffe.   Foto: Tormod Flatebø.

Nyhende

Etter storsigeren mot gjestane frå Fjaler toppar Eid tabellen i avdeling 1 i Kretsligaen. Før kampen mot Dale hadde heimelaget scora 16 mål og slept inn fire. Målstatistikken vart kraftig pynta på med heile sju mål, og ingen baklengs . Eid har scora 23 mål og berre slept inn fire på sine sju kampar.