Fire nye positive prøver

Helse Førde melder om nye positive prøver etter at 115 prøver vart analysert laurdag. Denne veka har 25 prøver vore positive så langt.

Helse Førde har denne veka meldt om 25 positive prøver, som er tatt i Stad, Kinn, Luster og Lærdal.   Foto: Arkivfoto

Nyhende

Laurdag analyserte Helse Førde 115 prøver og fire av desse prøvene er positive. Dette viser Helse Førde sine oppdaterte tal søndag.

Dei fire positive prøvene er tatt i Lærdal og i Kinn. Helse Førde gjer ein merksam på at kommunen for prøvetaking er ikkje alltid kommunen der pasienten bur eller har folkeregistrert adresse.

Det er for tida eit smitteutbrot i Kinn, og over 14 er smitta på ungdomsskulen i Florø. Ifølgje Fjordenes Tidende er tre prøver frå Kinn positive det siste døgnet. To av desse er frå ungdomsskulen.

25 positive

Så langt denne veka har 25 prøver vore positive, viser tala til Helse Førde. Desse er tatt i Stad, Kinn, Luster og Lærdal.

I løpet av dei siste åtte dagane, mellom laurdag 11. september og laurdag 18. september, har Helse Førde analysert 1522 prøver. Av desse har 30 prøver vore positive.

Fredag 17. september er dagen med flest positive prøver i løpet av desse åtte dagane med seks positive prøver. Søndag 12. september og måndag 13. september, er dagane med færrast positive prøver med ei positiv prøve.

Laurdag 11. september: 4 nye av 183 analyserte prøver

Søndag 12. september: 1 ny av 118 analyserte prøver

Måndag 13. september: 1 ny av 180 analyserte prøver

Tysdag 14. september: 5 nye av 230 analyserte prøver

Onsdag 15. september: 5 nye av 366 analyserte prøver

Torsdag 16. september: 4 nye av 202 analyserte prøver

Fredag 17. september: 6 nye av 128 analyserte prøver

Laurdag 18. september: 4 nye av 115 analyserte prøver

Kommunane i Helse Førde sitt område vel sjølv kvar dei skal sende koronaprøver som er tatt, og difor kan prøvene bli analyserte i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Prøver som ikkje er analysert i Helse Førde er ikkje med i tala til Helse Førde, så dette er ikkje ei komplett liste over prøvesvar frå området til Helse Førde.

Andre tal

Ifølgje Helse Førde sine oppdaterte tal er det søndag ingen innlagde pasientar med stadfesta covid-19 smitte på sjukehusa i Helse Førde.

Søndag er to av rundt 3000 tilsette i Helse Førde heimeverande i karantene eller sjukmelde på grunn av covid-19.

Talet på tilsette i Helse Førde som har hatt stadfesta covid-19 smitte er ti.