Seks nye positive prøver

Helse Førde melder om seks nye positive prøver etter at 128 prøver vart analysert fredag. Så langt denne veka er vi oppe i 21 positive prøver.

I løpet av dei åtte siste dagane har 30 av dei 1682 analyserte prøvene vore positive.   Foto: tormod flatebø

Nyhende

Helse Førde analyserte fredag 128 prøver og seks av desse er positive. Dette kjem fram i Helse Førde sine oppdaterte tal laurdag. Alle dei seks positive prøvene er tatt i Kinn. Helse Førde gjer ein merksam på at kommunen for prøvetaking er ikkje alltid kommunen der pasienten bur eller har folkeregistrert adresse.

Utbrotet i Kinn

Det er for tida eit utbrot i Kinn, og fleire av dei positive prøvene denne veka, analysert av Helse Førde, kjem frå Kinn. Det er mellom anna fleire smitta ved ungdomsskulen i Florø, og for nokre dagar sidan vart heile skulen testa for covid-19.

Ifølgje Fjordenes Tidende er det fem nye smitta ved skulen.

Ifølgje VG sitt kart er Kinn no oransje på kartet etter at 30 personar i og frå Kinn er registrert stadfesta covid-19 smitte i løpet av dei siste 14 dagane. Per 100.000 innbyggjar er dette 174,8.

21 denne veka

Så langt denne veka har 21 prøver vore positive. Desse er tatt i Stad, Kinn, Luster og Lærdal.

Ser ein åtte dagar tilbake i tid, mellom fredag 10. september og fredag 17. september, har Helse Førde analysert 1682 prøver. Av desse har 30 prøver vore positive, viser tala til Helse Førde.

Dagen med flest positive prøver i løpet av desse åtte dagane er fredag 17. september med altså seks positive. Dagen med færrast positive prøver i denne perioden er søndag 12. september og måndag 13. september med ei ny positiv prøve.

Fredag 10. september: 4 nye av 275 analyserte prøver

Laurdag 11. september: 4 nye av 183 analyserte prøver

Søndag 12. september: 1 ny av 118 analyserte prøver

Måndag 13. september: 1 ny av 180 analyserte prøver

Tysdag 14. september: 5 nye av 230 analyserte prøver

Onsdag 15. september: 5 nye av 366 analyserte prøver

Torsdag 16. september: 4 nye av 202 analyserte prøver

Fredag 17. september: 6 nye av 128 analyserte prøver

Kommunane i Helse Førde sitt område vel sjølv kvar dei skal sende koronaprøver som er tatt, og difor kan prøvene bli analyserte i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Prøver som ikkje er analysert i Helse Førde er ikkje med i tala til Helse Førde, så dette er ikkje ei komplett liste over prøvesvar frå området til Helse Førde.

Ingen koronapasientar

Ifølgje Helse Førde sine oppdaterte tal er det laurdag ingen innlagde pasientar med stadfesta covid-19 smitte på sjukehusa i Helse Førde.

Laurdag er fire av rundt 3000 tilsette i Helse Førde heimeverande i karantene eller sjukmelde på grunn av korona.

Talet på tilsette som har hatt stadfesta covid-19 smitte er ti.