Fire nye positive prøver - 15 positive så langt denne veka

Helse Førde melder om nye positive prøver etter at 202 prøver vart analysert.

Så langt denne veka har 15 prøver vore positive, ifølgje Helse Førde sine tal.  

Nyhende

Torsdag analyserte Helse Førde 202 prøver, og fire av desse er positive. Dette viser Helse Førde sine oppdaterte tal fredag føremiddag.

Dei fire positive prøvene er tatt i Kinn og i Luster. Helse Førde gjer ein merksam på at kommunen for prøvetaking er ikkje alltid kommunen som pasienten bur eller har folkeregistrert adresse.

Utbrot i Kinn

Ifølgje NRK Vestland torsdag hadde fem nye personar i Kinn, i Florø-området, testa positivt for covid-19. Totalt har ti elevar testa positivt etter eit utbrot ved ungdomsskulen. Dei rundt 450 elevane ved ungdomsskulen vart testa i går.

15 denne veka

Så langt denne veka har Helse Førde meldt om 15 positive prøver. Desse er tatt i Stad, Kinn, Luster og Lærdal.

I løpet av dei åtte siste dagane, mellom torsdag 9. september og torsdag 16. september, har Helse Førde analysert 1810 prøver og 27 av prøvene har vore positive.

I denne perioden har tysdag 14. september og onsdag 15. september vore dagane med flest positive prøver med fem.

Søndag 12. september og måndag 13. september er dagane med færrast positive med ei positiv.

Torsdag 9. september: 3 nye av 256 analyserte prøver

Fredag 10. september: 4 nye av 275 analyserte prøver

Laurdag 11. september: 4 nye av 183 analyserte prøver

Søndag 12. september: 1 ny av 118 analyserte prøver

Måndag 13. september: 1 ny av 180 analyserte prøver

Tysdag 14. september: 5 nye av 230 analyserte prøver

Onsdag 15. september: 5 nye av 366 analyserte prøver

Torsdag 16. september: 4 nye av 202 analyserte prøver

Kommunane i Helse Førde sitt område vel sjølv kvar dei skal sende koronaprøver som er tatt, og difor kan prøvene bli analyserte i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Prøver som ikkje er analysert i Helse Førde er ikkje med i tala til Helse Førde, så dette er ikkje ei komplett liste over prøvesvar frå området til Helse Førde.

Ingen koronapasientar

Ifølgje Helse Førde sine oppdaterte tal fredag, er det ingen innlagde pasientar med stadfesta covid-19 smitte på sjukehusa i Helse Førde.

Fredag er to av rundt 3000 tilsette i Helse Førde heimeverande i karantene eller sjukmelde på grunn av korona.

Ti tilsette i Helse Førde har hatt stadfesta covid-19 smitte sidan våren 2020.