Fem av prøvene er positive

Helse Førde melder om fem nye positive prøver, for andre dagen på rad. Så langt denne veka har elleve prøver vore positive.

Dei siste åtte dagane har Helse Førde analysert 1881 prøver og 26 av desse har vore positive.   Foto: Arkivfoto

Nyhende

Onsdag 15. september analyserte Helse Førde 366 prøver og fem av desse var positive. Dette kjem fram i Helse Førde sine oppdaterte tal torsdag føremiddag. Dei fem positive prøvene er tatt i Kinn og i Stad.

Torsdag morgon vart det klart at ein ny person i Stad har fått stadfesta covid-19 og er sett i isolasjon.


Ein ny smitta i Stad

Ein ny person i Stad har fått stadfesta covid-19 og er sett i isolasjon.


I Kinn er der no utbrot i både Måløy-området og i Florø-området. Onsdag sa kommuneoverlege Jan Helge Dale til Fjordenes Tidende at det for tida er ganske mykje smitte i ungdomsskulemiljøet og at det er ukontrollert smitte i ungdomsmiljøet i Florø.

Elleve positive denne veka

Så langt denne veka har Helse Førde analysert 776 prøver og elleve har vore positive. I tillegg til dei fem positive prøvene onsdag, var fem prøver positive også tysdag, medan ei prøve var positiv måndag. Desse prøvene er tatt i Kinn, Lærdal og altså Stad.

I løpet av dei åtte siste dagane, mellom onsdag 8. september og onsdag 15. september, har Helse Førde analysert 1881. Av desse har 26 prøver vore positive.

Tysdag 14. september og onsdag 15. september er dagane med flest positive prøver i denne perioden med fem positive.

Søndag 12. september og måndag 13. september er dagane med færrast positive prøver med ei positiv.

Onsdag 8. september: 3 nye av 273 analyserte prøver

Torsdag 9. september: 3 nye av 256 analyserte prøver

Fredag 10. september: 4 nye av 275 analyserte prøver

Laurdag 11. september: 4 nye av 183 analyserte prøver

Søndag 12. september: 1 ny av 118 analyserte prøver

Måndag 13. september: 1 ny av 180 analyserte prøver

Tysdag 14. september: 5 nye av 230 analyserte prøver

Onsdag 15. september: 5 nye av 366 analyserte prøver

Kommunane i Helse Førde sitt område vel sjølv kvar dei skal sende koronaprøver som er tatt, og difor kan prøvene bli analyserte i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Prøver som ikkje er analysert i Helse Førde er ikkje med i tala til Helse Førde, så dette er ikkje ei komplett liste over prøvesvar frå området til Helse Førde.

Andre tal

Ifølgje Helse Førde sine oppdaterte tal torsdag er det ingen innlagde pasientar med stadfesta covid-19 smitte på sjukehusa i Helse Førde.

Torsdag er tre av rundt 3000 tilsette i Helse Førde heimeverande i karantene eller sjukmelde på grunn av korona. Totalt ti tilsette i Helse Førde har hatt stadfesta covid-19 smitte sidan våren 2020.