Ein ny smitta i Stad

Ein ny person i Stad har fått stadfesta covid-19 og er sett i isolasjon.

Ein ny person er stadfesta smitta av covid-19 etter testing på Nordfjordeid tysdag, kjem det fram i ei pressemelding frå kommuneoverlege Thomas Vingen Vedeld.   Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

Seint onsdag kveld viste resultata frå testing gjort på Nordfjordeid tysdag at ein ny person har testa positivt for covid-19. Personen som no er smitta er fullvaksinert, kjem det fram i ei pressemelding, men vart testa på grunn av opplysningar om nærkontakt med ein smitta under reise nokre dagar tidlegare.

Ifølgje Stad kommune er nærkontaktar kartlagt og følgt opp på vanleg måte i samsvar med vaksinasjonsstatus. Smittesporinga i saka er avslutta.