Alfred Bjørlo (V):

– Det blir ei heilt ny rolle

‒ Det er ærefullt å bli vald inn i landets nasjonalforsamling. ‒ Det blir noko heilt anna enn å vere ordførar i Stad.

VENTA LENGE: For Alfred Bjørlo, Sogn og Fjordane sin listetopp, vart ventetida lang og ikkje minst nervepirrande spennande. – No har eg tatt inn over meg at det blir pendlartilvære dei komande fire åra, seier Bjørlo som legg opp til ei samarbeidslinje med dei andre som er valde inn frå Sogn og Fjordane. – Saman kan vi utgjere ein skilnad, seier han.   Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

Det seier Alfred Bjørlo som har lang fartstid i politikken. Før han vart vald til ordførar i Eid i 2011, og ordførar i Stad i 2019, var han politisk rådgjevar i Næringsdepartementet for statsråd Lars Sponheim, Venstre, 1997–2000. Deretter gruppesekretær for Venstre på Stortinget 2000- 2001. Frå 2001 til 2004 var han politisk rådgjevar i Samferdsledepartementet under samferdsleminister Torild Skogsholm (V). I tillegg til å vere ordførar i Stad, er han også medlem av fylkesutvalet og fylkestinget i Vestland.