Mange byte i Venstres gruppe: Nybø ute – Rotevatn inne

Som førre periode skal det sitje åtte representantar frå Venstre på Stortinget. Men det blir ein svært anna gruppe enn det var sist.

Leiartrioen i Venstre kan sjå fram til ein ny periode på Stortinget. F.v. nestleiar Sveinung Rotevatn, nestleiar Abid Raja, leiar Guri Melby  Foto: Heiko Junge/NTB /NPK

Nyhende

Med berre tre direktevalde må Venstre forsyne seg grovt av utjamningsmandata. Direktemandata til partiet går til svært profilerte politikarar på det sentrale Austlandet. Partileiar og kunnskapsminister Guri Melby er vald inn frå Oslo, på mandatet hennar forgjengar Trine Skei Grande har hatt dei siste fire periodane.