Lokalt bluegrass-band skapar stemning

Det lokale bluegrassbandet Misery & Co er med på å skape stemning under handelsdagane.

BLUEGRASS: Det lokale bandet Misery & Co har konsert under handelsdagane.   Foto: Pressefoto

Nyhende

Søndag er dei klare med konsert. Misery & Co leverer nyslått bluegrass, spelt med humør og trøkk.

Dei har tidlegare spelt på Gymmen Americanafestival, Norsk Countrytreff, Larris scene og Malakoff Live laga.

Bluegrassbandet frå Nordfjordeid garanterer tramp, trall og topp stemning når dei står på scena ved Gamlebanken søndag ettermiddag.

Oddbjørn Melheim, Atle Oen, Silvia Melum Holmøy og Eirik Haugland stiller med nystemte gitarar, banjo og kontrabass.


Handelsdagar på Nordfjordeid

Inviterer til handel og moro

17.–19. september er det igjen klart for handelsdagar på Nordfjordeid.