Fem nye positive prøver

Helse Førde melder om fem nye positive prøver etter at 230 pøver vart analysert tysdag. Så langt denne veka har seks prøver vore positive.

I løpet av dei åtte siste dagane har Helse Førde analysert 1967 prøver og 21 av desse har vore positive.   Foto: tormod flatebø

Nyhende

Helse Førde analyserte tysdag 230 prøver og fem av prøvene er positive. Dette viser dei oppdaterte tala til Helse Førde onsdag føremiddag. Dei fem positive prøvene er tatt i Kinn og Lærdal. Helse Førde gjer ein merksam på at kommunen for prøvetaking er ikkje alltid den kommunen som pasienten bur eller har folkeregistrert adresse.

Så langt denne veka har seks prøver vore positive. I tillegg til dei fem positive prøvene tysdag, var ei prøve positiv måndag. Denne var tatt i Kinn.

21 positive

I løpet av dei åtte siste dagane, mellom tysdag 7. september og tysdag 14. september, har Helse Førde analysert 1967 prøver. Av desse analyserte prøvene har 21 vore positive.

Tysdag 14. september er dagen med flest positive prøver med fem, i denne perioden. Tysdag 7. september er dagen med færrast positive prøver med 0. Dette er også einaste dag i løpet av desse åtte dagane der alle prøvene er negative.
Tysdag 7. september: 0 nye av 452 analyserte prøver

Onsdag 8. september: 3 nye av 273 analyserte prøver

Torsdag 9. september: 3 nye av 256 analyserte prøver

Fredag 10. september: 4 nye av 275 analyserte prøver

Laurdag 11. september: 4 nye av 183 analyserte prøver

Søndag 12. september: 1 ny av 118 analyserte prøver

Måndag 13. september: 1 ny av 180 analyserte prøver

Tysdag 14. september: 5 nye av 230 analyserte prøver

Kommunane i Helse Førde sitt område vel sjølv kvar dei skal sende koronaprøver som er tatt, og difor kan prøvene bli analyserte i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Prøver som ikkje er analysert i Helse Førde er ikkje med i tala til Helse Førde, så dette er ikkje ei komplett liste over prøvesvar frå området til Helse Førde.

Ingen koronapasientar

Ifølgje Helse Førde sine tal er det ingen innlagde pasientar med stadfesta covid-19 smitte på sjukehusa i Helse Førde.

Onsdag er tre av rundt 3000 tilsette i Helse Førde heimeverande i karantene eller sjukmelde på grunn av korona. Totalt 10 tilsette i Helse Førde har hatt stadfesta covid-19.