Vil gjerne ha fleire med på laget

– Gjengen her er gull. Det seier dagleg leiar for Eid Frivilligsentral, Astrid Grete Torheim. Ho smiler og ser fornøgd på gjengen sin, som denne dagen er samla til ein av fire årlege lunsjar, for å legge planar vidare og ha det litt sosialt.

EIN KJEKKE GJENG SOM GJERNE VIL HA FLEIRE MED: Frå venstre: Jan Grov, John Ivar Os, Berge Bjørkedal. Anders Nordbø, Ottar Øien, Steinar Myrold, Alv Slettenes, Gunvald Ludvigsen og Elfinn Vedeld. Framme sit dagleg leiar i Eid frivilligsentral, Astrid Grete Torheim.  Foto: Anna Wuttudal

Det einaste kravet er at du må ha sertifikat

Astrid Grete Torheim
Nyhende

Gjengen det er dei trufaste middagskøyrarane som kvar dag, 365 dagar i året, køyrer rundt til eldre som bur heime og i omsorgsbustader, slik at dei får varm middagsmat levert på døra. Å få besøk av middagskøyrarane er for mange eldre eitt av høgdepunkta på dagen, det er ei takknemleg gruppe å levere tenester til.