Stad krev rassikring av Navelsakerstranda

Stad kommune meiner skredsikring må ha høg prioritet både i ny NTP og ny RTP, og presiserer at Navelsakerstranda er den vegstrekninga som har høgast skredfaktor.

Rasutsett: Fylkesveg 5744, Fossebakken – Navelsaker (Navelsakerstranda) er den vegstrekninga i Vestland som har høgast skredfaktor. FOTO: MARIANN NAVELSAKER 

Nyhende

Stad kommune skriv i sitt innspel til RTP at dei vil særleg legge vekt på at Fv 5744 Navelsakerstranda har høgast skredfaktor av alle fylkes- og riksvegar i Vestland fylke, og viser til nyleg utarbeidd oversikt over skredsikringsbehov på det nasjonale riks- og fylkesvegnettet.