Valresultatet 2021

Nordfjord sterkt representert på Stortinget

Etter at 99,8 prosent av røystene ved årets stortingsval er talde opp er det klart at Sogn og Fjordane Erling Sande (Sp), Torbjørn Vereide (AP) og Olve Grotle (H) er valt inn på distriktsmandat og at Alfred Bjørlo (V) på utjamningsmandat.

Senterpartiet vart det største partiet i Sogn og Fjordane og gjorde sitt nest beste val gjennom alle tider. Sigurd Reksnes, fykesleiar i Sogn og Fjordane Sp og Sentralstyremedlem var raus med blomebukettar då valresultatet var klart.   Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

To av dei fire 1. kandidatane for sine respektiv parti måtte leve i uvissa ei stund ut over valnatta, før det teikna seg eit klårt bilete om kva parti som fekk det ærefulle oppdraget med å representere Sogn og Fjordane på Stortinget dei komande fire åra. For Olve Grotle (H) var sikker plass innan rekkjevidde rundt midnatt. Alfred Bjørlo måtte vente til langt ut på dagen etter valet.