Jakta på draumehjorten

Nokon har jaktfeber i lang tid, der pulsen aukar når ein får skyte ein hjort. Andre set meir pris på det sosiale i jaktlaget og vere ute i skog og mark.

HENNEBYGDA: Jaktlaget i Hennebygda står her klare for første fellesjakt. Kvoten er 16 dyr. Framme f.v. Gjertrud Gjerdevik, Angelica Navelsaker, Jo Inge Skålbones, Gunnar Næss, Tormod Nilsen og Cato Skålbones. Bak f.v. Arild Gjerdevik, Wenche Henden, Geir Ove Henden, Ådne Sølvberg, Christian Sølvberg og Svein Rand.  Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Eg er mest med på grunn av det sosiale og godt naboskap.

Nyhende

Søndag morgon møtte vi jaktlaget i Hennebygda. Her er sju grunneigarar med, der alle har ansvar for å stille opp. Ofte er ungdommar med å jage, medan skyttarane sit på post.