Ei ny positiv prøve

Helse Førde melder om ei ny positiv prøve etter at 180 prøver vart analysert.

I løpet av dei siste åtte dagane har 17 av 157 analyserte prøver vore positive, viser Helse Førde sine tal.  

Nyhende

Måndag analyserte Helse Førde 180 prøver og ei av desse var positive, viser dei oppdaterte tala tysdag morgon. Den positive prøva er tatt i Kinn, i Florø-området. Helse Førde gjer ein merksam på at kommunen for prøvetaking er ikkje alltid den kommunen som pasienten bur eller har folkeregistrert adresse.

Dei siste dagane har fleire personar i Måløy-området fått stadfesta covid-19 smitte, og måndag vart elevar i tre ulike klasser ved Måløy vidaregåande skule testa.


Ni positive prøver sidan fredag

Sidan fredag har ni av dei 576 analyserte prøvene vore positive, viser tala til Helse Førde.


Smittesituasjonen i Volda og Ørsta

Det har den siste tida vore eit større utbrot i Ørsta, noko som også har råka Volda. Dei siste smitteoppdateringane viser at det framleis er nye smittetilfelle både i Ørsta og Volda. Måndag meldte Volda kommune på sine nettsider at dei har fått melding om eit nytt smittetilfelle. Vedkomande er nærkontakt med kjende smittetilfelle, men ei klasse og to valfagsgrupper ved Volda vidaregåande skule er råka.

Ørsta kommune meldte måndag kveld om tre nye smittetilfelle. Alle tre var husstandsmedlem til kjende smittetilfelle, og det er ingen nye nærkontaktar. Tidlegare måndag meldte Ørsta om eit nytt smittetilfelle. Vedkomande var i karantene, og det utløyser ingen nye nærkontaktar.

I Vanylven

Det har også vore eit utbrot i Vanylven, men status der per no er at alle PCR-svara var negative 10. september. Vanylven kommune meldte då at det ikkje er venta fleire prøvesvar knytt til utbrotet. Dei som først fekk stadfesta smitte er etter retningslinjene snart ferdig med tida i isolasjon. Dette gjeld også vaksinerte, som er i sjølvpålagd karantene. Ikkje-vaksinerte skulle derimot bli testa på nytt måndag denne veka. Talet på smitta er 59, og ifølgje Vanylven kommune er det ikkje meldt om nokon som er alvorleg sjuke.

17 positive

Dei siste dagane har fleire personar i Måløy-området fått stadfesta covid-19 smitte, og måndag vart elevar i tre ulike klasser ved Måløy vidaregåande skule testa.

I løpet av dei siste åtte dagane, mellom måndag 6. september og måndag 13. september, har Helse Førde analysert 1957 prøver. Av desse analyserte prøvene har 17 vore positive.

Fredag 10. og laurdag 11. september har det vore flest positive prøver i denne perioden, med fire positive prøver.

Tysdag 7. september er einaste dag i løpet av desse åtte dagane utan positiv prøve.

Måndag 6. september: 1 ny av 220 analyserte prøver

Tysdag 7. september: 0 nye av 452 analyserte prøver

Onsdag 8. september: 3 nye av 273 analyserte prøver

Torsdag 9. september: 3 nye av 256 analyserte prøver

Fredag 10. september: 4 nye av 275 analyserte prøver

Laurdag 11. september: 4 nye av 183 analyserte prøver

Søndag 12. september: 1 ny av 118 analyserte prøver

Måndag 13. september: 1 ny av 180 analyserte prøver

Kommunane i Helse Førde sitt område vel sjølv kvar dei skal sende koronaprøver som er tatt, og difor kan prøvene bli analyserte i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Prøver som ikkje er analysert i Helse Førde er ikkje med i tala til Helse Førde, så dette er ikkje ei komplett liste over prøvesvar frå området til Helse Førde.

Ingen koronapasientar

Helse Førde sine oppdaterte tal viser at ingen pasientar med stadfesta covid-19 smitte er innlagde på sjukehusa i Helse Førde.

Tysdag morgon er to av rundt 3000 tilsette i Helse Førde heimeverande i karantene eller sjukmelde på grunn av korona. Totalt ti tilsette i Helse Førde har hatt stadfesta covid-19.