Her kan du sjå valresultatet for Stad

Ap aukar med 3,4 prosentpoeng

I Stad har Senterpartiet fått flest stemmer etter at 99,8 prosent av stemmene er talt opp. Arbeiderpartiet gjer det også godt, med ei auke på 3,4 prosentpoeng samanlikna med sist Stortingsval.

Varaordførar Siri Sandvik og Ap har fått nest flest stemmer i Stad etter at 99,8 prosent av stemmene er talt opp. Partiet er det som har auka mest i Stad samanlikna med valresultatet for fire år sidan.   Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Når 99, 8 prosent av stemmene er talt opp har Senterpartiet flest stemmer i Stad kommune. Sp ligg på rundt 30 prosent, og deretter kjem Arbeidarpartiet med 16,5 prosent oppslutning. Samanlikna med valresultatet for fire år sidan har Ap ei auke på 3,4 prosentpoeng.