MC-førar sendt til sjukehus

Tre personar involvert i trafikkulukke

Politiet i Møre og Romsdal melder om ei trafikkulukke mellom bil og MC ved Kjøs bru.

Politiet i Møre og Romsdal melder måndag at det har vore ei trafikkulukke ved Kjøs bru.  Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

Politiet Møre og Romsdal fekk måndag klokka 17:09 melding om ei trafikkulukke på E39 ved Kjøs bru. Ulukka skal vere mellom ein bil og ein MC.

Ifølgje Fjordingen har ulukka skjedd ved avkøyringa til Kjøsavegen, nokre få hundre meter retning Hornindal frå Kjøs bru.

Ifølgje politiet i Møre og Romsdal er tre personar involvert i trafikkulukka. Det vert utført hjarte og lungeredning på MC-føraren. Politiet melder klokka 18:32 at vedkomande har respondert bra på hjarte/lunge redning og vert frakta vidare til sjukehus.

Årsaka til hendinga er per no ukjent, og krimteknisk bistand er på veg.

Vegen er stengt og vil bli stengt ei stund framover, melder politiet som også vil varsle VTS for vurdering av eventuell omkøyring/skilting.

Klokka 18:46 kjem politiet i Møre og Romsdal med ei ny oppdatering der det vert jobba med moglegheita for å opne eitt køyrefelt forbi ulukkesstaden. Per no er det personell som snur trafikken i begge endar. Politiet kjem tilbake om dette lar seg gjere.

Klokka 18:54 melder politiet at det straks vert opna for passering av ulukkesstaden i det eine køyrefeltet.

– Følg anvising, og køyr forsiktig forbi, oppmodar politiet i Møre og Romsdal.