Sp-nestleiar: – Eg er veldig letta

Senterpartiets nestleiar Anne Beathe Tvinnereim er godt nøgd med at prognosane viser eit tydeleg fleirtal for regjeringsskifte.

Anne Beathe Tvinnereim under Senterpartiets valvake på gamle Deichmanske bibliotek.   Foto: Lise Åserud

Nyhende

– Eg er veldig letta over at det raudgrøne fleirtalet er så massivt, seier Anne Beathe Tvinnereim til NTB på valvaka til partiet.