Ni positive prøver sidan fredag

Sidan fredag har ni av dei 576 analyserte prøvene vore positive, viser tala til Helse Førde.

Sist veke, mellom måndag 6. september og søndag 12. september, var 16 prøver positive.   Foto: Arkivfoto

Nyhende

Fredag, laurdag og søndag har Helse Førde analysert totalt 576 prøver og ni prøver har vore positive. Dette viser Helse Førde sine oppdaterte tal måndag morgon. Fredag var fire av 275 prøver positive, laurdag var også fire av 183 prøver positive, medan det var ei ny positiv prøve søndag. Søndag var den positive prøva frå Sogndal. Helse Førde gjer ein merksam på at kommunen for prøvetaking er ikkje alltid den kommunen der pasienten bur eller har folkeregistrert adresse.

16 positive

I løpet av dei åtte siste dagane, altså mellom søndag 5. september og søndag 12. september, har Helse Førde analysert 1867. Av dei analyserte prøvene har 16 vore positive.

I denne perioden har to av dagane vore utan positive prøver. Både søndag 5. september og tysdag 7. september var det berre negative prøver.

Fredag 10. september og laurdag 11. september er dagane med flest positive prøver i denne perioden med fire positive prøver.

Søndag 5. september: 0 nye av 90 analyserte prøver

Måndag 6. september: 1 ny av 220 analyserte prøver

Tysdag 7. september: 0 nye av 452 analyserte prøver

Onsdag 8. september: 3 nye av 273 analyserte prøver

Torsdag 9. september: 3 nye av 256 analyserte prøver

Fredag 10. september: 4 nye av 275 analyserte prøver

Laurdag 11. september: 4 nye av 183 analyserte prøver

Søndag 12. september: 1 ny av 118 analyserte prøver

Kommunane i Helse Førde sitt område vel sjølv kvar dei skal sende koronaprøver som er tatt, og difor kan prøvene bli analyserte i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Prøver som ikkje er analysert i Helse Førde er ikkje med i tala til Helse Førde, så dette er ikkje ei komplett liste over prøvesvar frå området til Helse Førde.

Smitte på skule

Ifølgje Fjordenes Tidende skal elevar i tre ulike klassar ved Måløy vidaregåande skule testast måndag morgon etter at fire personar i Måløy-området testa positivt for covid-19 før helga. Det er fire personar i same familie som har fått stadfesta covid-19.

Ingen koronapasientar

Ifølgje Helse Førde sine oppdaterte tal er ingen pasientar med stadfesta covid-19 smitte innlagde på sjukehusa i Helse Førde.

Måndag morgon er ingen av rundt 3000 tilsette i Helse Førde heimeverande i karantene eller sjukmelde på grunn av korona. Totalt ti tilsette i Helse Førde har hatt stadfesta covid-19 smitte.