Tre jenter frå Stad kulturskule fekk prøvedanse ved Den Norske Opera og ballett

Kan bli hospitantar ved ballettskulen i Oslo

I helga var tre jenter frå Stad kulturskule på prøvedans ved Den Norske Opera og ballett. Dei skal ned igjen om vel ein månad, og blir vurdert som hospitantar ved ballettskulen.

Det blei mange opplevingar i kø når dei tre ballettjentene frå Stad kulturskule fekk prøvedanse ved Den Norske Opera og ballett i helga. Her saman med Ida Bredesen, som også har trena jentene i dans det siste året, og var med dei til Oslo. No vil ballettskulesjef Knut Breder ha besøk av jentene på nytt, noko som kan love godt for vidare hospitering. Frå venstre: Emma Raudi, Victoria Eimhjellen, Ida Bredesen og Filippa Myrold Haavik.   Foto: Privat

Nyhende

Dei tre er Victoria Eimhjellen (11), Filippa Myrold Haavik (11) og Emma Raudi (12).