Inviterer til ryddedugnad

5 år med suksess

I desse dagar er det fem år sidan Extra opna dørene på Alti Nordfjord. Denne veka inviterer dei til ryddedugnad.

RYDDEAKSJON: Linda Skårhaug Espelund og Astrid Mikalsen ved Extra Nordfjordeid står klare med gratis ryddeutstyr i samband med ryddeaksjonen.  Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

No stig tala igjen, og det går over alle forventning.

Nyhende

– Vi skulle gjerne ha feira stort at vi er fem år. Det har gått veldig bra, og det har vore fem år med suksess. Men vi kan ikkje feire slik vi hadde tenkt på grunn av korona, men vi kjem til å ha konkurransane og trekningar. Det blir ei slik feiring vi får til, men det blir ikkje heilt partyfaktor, seier butikksjef Linda Skårhaug Espelund.