Tidlegare partileiar Liv Signe Navarsete

‒ Trur vi får inn to frå Sogn og Fjordane

‒ Eg både håpar og trur at Senterpartiet får to representantar på Stortinget ved dette valet, men spennande blir det.  

Liv Signe Navarsete, ein av Sogn og Fjordane sine mest profilerte politikarar dei siste 16 åra, går ut av Stortinget etter dette valet. - Erling sande er sikker, men eg håpar og trur at han får med seg Aleksander Øren Heen, seier ho.   Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

Det seier Liv Signe Navarsete, som går ut av Stortinget etter dette valet. Den profilerte politikaren frå Lærdal har fire periodar bak seg på Stortinget, og i sju av desse 16 åra var ho partileiar. Den tidlegare partileiaren er, sjølvsagt til stades på valvaken på Sunnfjord Hotell i Førde.