Prioriterer høgast vegar i gamle Selje

Årsheimstranda er på topp

Stad kommune har no gjort sine prioriteringar når det gjeld fylkesvegar og rangerer Fv 620 Årsheimstranda (Kjøde-Sandvik) på topp.

Årsheimstranda: Det øvst prioriterte tiltaket på fylkesvegnettet frå Stad kommune er Fv 620 Kjøde-Sandvik. Denne strekninga har mange stader svært dårleg standard og smal vegbane, med mykje tungtrafikk og aukande trafikkmengd frå år til år på grunn av stor nærings- og byggjeaktivitet på Stadlandet og vekst i reiselivet. Vegen er så smal at passeringar ofte må skje på privat eigedom – bilde sendt til Stad kommune for innspel til RTP viser dette.  Foto: Privat

Nyhende