Sunnivafestivalen trekte folk til Selje i helga

Sunnivafestivalen var med å skape stemning i Selje sentrum denne veka.

MARKNADSBUTIKK: Systrene F.v. Cathrine Hoddevik frå Lille Amelia og Lise Marie Hoddevik Beitveit frå Strikkestova på Stadlandet var med på marknad ved prestegarden.  Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

Sunnivafestivalen har vore markert på ulike måtar. Tysdag var det opningskonsert med diktlesing og historie i Selje kyrkje. Her deltok både Egil Eldøen, Jon Inge Sigerland, Gerd Kjellaug Berge og Øystein Wiig Rambøl.