Korona kan gi forseinkingar i valresultatet

Valmedarbeidarane må halde ekstra avstand frå kvarandre når dei tel opp stemmene. Det kan gi forseinkingar i valresultatet måndag.

STEMMELOKALE: SV-leiar Audun Lysbakken førehandsstemte på Torgallmenningen i Bergen i slutten av august.   Foto: Marit Hommedal/NTB /NPK

Nyhende

– Det er viktig at valmedarbeidarane held avstand og varetek smittevern òg når dei tel stemmene. Dette kan føre til at oppteljinga tek litt meir tid. Det er derfor mogleg at det endelege resultatet blir klart noko seinare enn vanleg i år, seier avdelingsdirektør Siri Dolven i Kommunal- og moderniseringsdepartementet til NTB.