Tjukk tåke stoppa Sissel Kyrkjebø frå å nå toppen av Trolljenykjen i dag

– Eg er ei gammal fjellgeit, men eg klarte ikkje å nå toppen denne gongen, fortel den verdskjende Sissel Kyrkjebø då ho besøkte Nordfjordeid i helga.

Sissel Kyrkjebø heldt konsert i ein fullsett operasal laurdag kveld.  Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

Laurdag prøvde ho seg på fjelltur til Trollenykjen, men måtte gi opp før toppen var nådd.