Listetoppane i Sogn og Fjordane:

Slår ring om lokalsjukehusa - og vil halde på dagens struktur

Åtte av åtte partitoppar som stiller til val i Sogn og Fjordane vil behalde dagens sjukehusstruktur i Sogn og Fjordane, og styrke tilboda ved lokalsjukehusa.
Nyhende

Fjordabladet har stilt tre spørsmål om helse til dei politiske partia som stiller til val, og som i dag er representert på Stortinget. Åtte av dei ni partia har svart. Framstegspartiet har valt å ikkje svare på Fjordabladet sine spørsmål.